|
AKTUELT -
INTERESSEPOLITISKE SAKER NO
Aktiv brukarmedverknad på hjelpemiddelområdet
·
Brukarpass
·
Kontaktperson
I.
BAKGRUNN
Tilbakemeldingar frå
brukarorganisasjonar og erfaringar frå hjelpemiddelsentralane
synte at
-
brukarar med god kompetanse om
eigne hjelpemiddel, og
-
barn/unge og deira
foreldre/føresette
ikkje
var nøgde med formidlingssystemet slik det fungerer i dag.
1.
januar 2003 sette trygdedirektøren i gong prosjektet
”Oppgåveløysing og aktiv brukarmedverknad på
hjelpemiddelområdet” i nært samarbeid med FFO, Norges
Handicapforbund og Norges Blindeforbund.
Det vart
gjennomført to modellforsøk:
Målet
med innføring av aktiv brukarmedverknad på hjelpemiddelområdet
er at brukar skal ha større grad av sjølvbestemming og
innverknad på dei vedtak som gjeld eigen livssituasjon.
Brukar
skal kunne
-
Skaffe seg informasjon om ulike løysingar
-
Prøve ut ulike hjelpemiddel
-
Velje rette hjelpemiddel
-
Inngå avtale om levering av produkt
-
Lære korleis hjelpemiddelet skal brukast og vedlikehaldas
-
Få
enkel og rask tilgang til reperasjon og service
Gjennom
tildeling av brukarpass og kontaktperson for barn/unge og
deira foreldre/føresette, vert det opna opp for ei smidigare
oppgåveløysing innanfor gjeldande regelverk og
eit system der brukaren kan nytte tenesteytarane
og deira kompetanse som samarbeidspartnarar i ein eigenstyrt
prosess.
II.
VERKEMIDDEL
Brukarpass
Brukarpass er ei fullmakt som gjev brukaren større innverknad på
val av hjelpemiddel.
Passet
gjev tilgang til utprøving, utskifting, service og reparasjon.
Ein kan ta direkte kontakt med hjelpemiddelsentralen i samband
med val av nytt hjelpemiddel, og også velje produkt frå
tingingsordninga sjølv.
Brukaren
kan også velje kva samarbeidspartnarar (kommunen, leverandør
eller hjelpemiddelsentral) han/ho ønskjer hjelp frå i prosessen
frå hjelpemiddelbehovet oppstår til ein har fått eit
hjelpemiddel ein er nøgd med.
Brukarpasset erstattar vedtak for dei område passet gjeld for.
Passet
gjeld ikkje for bytte av hjelpemiddel frå ei hjelpemiddelgruppe
til ei anna, t.d. frå manuell til elektrisk rullestol. I slike
tilfelle må det fattast nytt vedtak.
Brukarpasset inneheld informasjon om namn, adresse, telefon og
reglar for bruk av passet, og kva for leverandørar du kan
kontakte.
Kven
kan få brukarpass?
Både
vaksne hjelpemiddelbrukarar og barn/unge med
funksjonsnedsetjingar og deira foreldre/føresette, kan vere
aktuelle for ordninga.
Føresetnader:
-
Ha
god kompetanse om eige hjelpemiddelbehov
-
Vere motivert for å vere aktiv når det gjeld å få tak i,
prøve ut og få reparert hjelpemiddelet
Korleis få brukarpass?
Brukaren
lagar avtale om brukarpass med hjelpemiddelsentralen i sitt
fylke.
Kvifor?
For at
brukaren sitt behov skal vere styrande for val av løysingar!
Med
brukarpass får ein større innverknad på valet av hjelpemiddel og
enklare tilgang til utprøving, utskifting og reperasjon. Tida
frå behovet oppstår og til løysinga er på plass, vert kortare.
Fast kontaktperson ved hjelpemiddelsentralen
Kvifor?
For at
ein som forelder eller føresett til barn med funksjonshemmingar
skal få eit koordinert
og
forutsigbart tilbod:
Ø
Raskare
behovsavklaring
Ø
Kortare
sakshandsaming
Ø
Godt
samspel mellom brukar og kontaktperson
Kva
medfører det å ha ein fast kontaktperson?
Ein fast
kontakt person vil
-
Fjerne unødige hindringar på tvers av nivå og fagmiljø, og
gjere hjelpemiddelformidlinga lettare tilgjengeleg og meir
oversikteleg
-
Legge til rette for at du/barnet ditt kan kontakte
samarbeidspartnarar( kommunen, leverandørar,
hjelpemiddelsentralen) etter eige behov.
-
Sørgje for tilgang til produkt i bestillingsordninga
-
Ta
seg av saksgangen slik at bestilling og leveranse ikkje
stoppar opp unødig
-
Gje
informasjon om rettar, produkt og løysingar
-
Vere koordinator for hjelpemiddelsentralen sine tenester
-
Fatte vedtak og bestille hjelpemiddel
Kven
kan få fast kontaktperson?
Barn og
unge under 18 år som er avhengig av hjelpemiddel til dagleg, og
deira foreldre/føresette. Dersom ein allereie har ein fast
kontaktperson i kommunen som du vil behalde, er ikkje
hjelpemiddelsentralen si ordning aktuell.
III.
INNFØRING OG GJENNOMFØRING
Rikstrygdeverket har bestemt at:
- Innføre ordningane ”brukarpass” og
”kontaktperson for barn/unge og deira
foreldre/føresette
-
- Opprette arbeidsgruppe med 50 %
brukarrepresentasjon og 50 %
representasjon frå
systemsida.
Gruppa skal lede det lokale
implementeringsarbeidet.
-
- Vere i dialog med sentral
implementeringsgruppe
-
- Gjennomføre informasjons- og
opplæringsmøte for tilsette på sentralen
Ø
Arbeidsgruppa
skal
-
- Lede det lokale
implementeringsarbeidet
-
- Utarbeide lokal implementeringsplan
for innføring og gjennomføring av
brukarpass og
kontaktpersonordninga
-
- Informere kommunane om ordningane
-
- Sende planar med tidbestemmingar
til Rikstrygdeverket for godkjenning
-
- Følgje opp arbeidet med brukarpass
og kontaktperson på
hjelpemiddelsentralen
-
- Gjennomføre brukarundersøkingar ca
6 mnd etter innføring for å finne ut om
brukarane er tilfredse
med ordningane
Brukarorganisasjonane skal
-
-
Delta aktivt i
implementeringsarbeidet
-
- Drive informasjon og
kompetanseheving ovanfor brukarane
-
- Gje innspel og tilbakemeldingar i
prosessen
-
- Sikre gode prosessar i samhandlinga
mellom brukarar og
hjelpemiddelsentralen
Hjelpemiddelutvalet
ved Hjelpemiddelsentralen i Sogn og Fjordane har vedteke at eit
brukarforsterka Hjelpemiddelutval skal fungere som arbeidsgruppe
for implementering av dei to ordningane. FFO og SAFO skal kvar
oppnemne to brukarrepresentantar til arbeidsgruppa.
Gruppa
skal setjast i arbeid i byrjinga av februar 2006.
Last ned infobrosjyre brukarpass her...
Last ned infobrosjyre kontaktperson her....
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
FFO
S. og Fj. fryktar svekka brukarmedverknad ved oppretting av
region Vestlandet
FFO Sogn og Fjordane har i
høyringsuttale til Vestlandsrådet vedr. oppretting av
Vestlandsregion understreka kor viktig det er at eit nytt
regionalt forvaltningsnivå etablerer eit nært og godt samarbeid
med brukarorganissjonane. Ein fryktar at det vil verte vanskeleg
å få forståing for det lokale arbeidet, hos eit fjernare og
større regionalt besluttningsnivå.
Les
høyringsuttalen her....
Lærings- og meistringssenteret -
opning
Mandag 07.11.05 vert det offisiell
opning av det nye Lærings- og Meistringssenteret, LMS, i Helse
Førde.
Arrangementet vert halde på
Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag i Førde i
Sunnfjord-auditoriet. Programmet tek til kl. 11.00
Senteret ønskjer
brukarorganisasjonane ved leiar eller anna representant velkomen
til opninga!
Sjå invitasjon.....
Sjå programmet....
Verdensdagen for psykisk helse:Barnas
Verdensdag
Denne hausten er barn, familie og nettverk tema for
markeringane av Verdensdagen for psykisk helse. Med arrangement
over heile fylket blir det fokus på barn, unge og deira psykiske
helse.
Verdensdagen for psykisk helse er ei internasjonal hending og
ein del av ei omfattande satsing for å informere og oppnå
openheit om psykisk helse.Årets tema angår alle. Uansett kva
barn og ungdom slit med må vi voksne ta ansvar. Barn og unge har
rett til å bli sett. Ei god psykisk helse er grunnleggjande for
alle og må byggast frå første leveår. Markeringane og
arrangementa i Sogn og Fjordane finn du under "Kva Skjer" til
høgre på denne sida.
Les pressemelding frå Mental Helse her.....
Lærerik debatt om
tilgjenge for alle i arbeidslivet
og i det offentlege rommet!
Kring100 deltakarar var tilstades i
Sogndalssalen på Sogndal Hotell då medlemsorgnisasjonane samla
seg til politisk paneldebatt med fylket sine stortingskandidatar.
Ei rekkje fylkeslagsrepresentantar gjekk på talarstolen med
sterke vitnesbyrd om korleis funksjonshemma og kronisk sjuke må
kjempe for ein likeverdig kvardag.
Herdis Indrebø, NRF sin
fylkesrettleiar på likemannsarbeid i Sogn og Fjordane, heldt
hoveudinnleiing på vegne av FFO Sogn og Fjordane. Ho stilte
spørsmålet: "Når ingen er imot eit tilgjengeleg samfunn, kvifor
har vi då ikkje fått det?"
Debatten synte at kunnskapane om
funksjonshemma sine rettar rett og slett er for dårleg. Fleire
av paneldeltakarane måtte innrømme at dei ikkje visste kva
standpunkt deira parti hadde i dei aktuelle sakene.
Alle partia ville gå inn for
innføring av ei lov mot diskriminering av funksjonshemma.Les
referatet med oppsummering og konklusjon her....
Kinnaspelet
tilrettelagd for synshemma .
Med midlar frå Helse og
Rehabilitering har eit samarbeidsprosjekt mellom Norges
Blindeforbund og Vestlandske Blindeforbund fått Kinnaspelet
tilrettlagd for synshemma.
Les meir...
FFO møtte Jens Stoltenberg med krav om meir satsing på
rehabilitering!
Magne Sandvik og Jon Svardal
representerte FFO Sogn og Fjordane i møte med Jens Stoltenberg i
Florø 30. mai. FFO krev at den grove skeivfordelinga av
rehailiteringsmidlane mellom helseregionane må rettast opp, og
at Hauglandssenteret som er den einaste
rehabiliteringsinstitusjonen i Sogn og
Fjordane må tilførast ressursar som
kan dekke opp for det store udekka behovet innan rehablitering i
vår region.
Les meir...
Nytt styre i FFO
Sogn og Fjordane 2005/2006
FFO Sogn og Fjordane valde på
årsmøte 29. mai nytt fylkesstyre for 2005/2006

Frå venstre: Jens Lønne (1. varamdl.),
Gunnlaug Stedje (økonomiansv.),
Oddbjørn Helgås (leiar),
Sissel Stavøstrand (nestleiar), Harald Hansen
(styremedl.),Gro Indrebø (fylkessekr.)
Styremedlem Martin Bolstad Var ikkje tilstades då bilete
vart teke.
- Årsmøteresolusjonen 2005
I
resolusjonen frå årsmøtet vert det fokusert på tilgjenge
for funksjonshemma til
transporttenestene i fylket.
Les meir...
Stort behov
for rehabiliteringsplassar i vår region!
Ei spørjeundersøking blant
medlemsorganisasjonane,som FFO Sogn og Fjordane gjennomførte
på oppdrag frå Helse Førde ved årsskiftet, syner at
rehabiliteringstilbodet i Sogn og Fjordane og i heile
helseregion Vest er svært mangelfullt!
Les meir...
Årets sjukehusmøte!
”Ei framtid
for sjukehusa i fylket?” var temaet for møte og politisk
paneldebatt som FFO Sogn og Fjordane arrangerte i samarbeid
med ein brei allianse av sjukehusforkjemparar i heile fylket
1. nov. 2004.
Bakgrunnen
for møtet var statsbudsjettet og underfinansieringa i Helse
Vest. Ein frykta konsekvensane for dei samla
sjukehustenestene i fylket, både tilbodet av
spesialfunksjonar ved Sentralsjukehuset og tilboda ved
lokalsjukehusa.
Les meir...
FFO møtte Jens Stoltenberg med krav om meir satsing på
rehabilitering!
Magne Sandvik og Jon Svardal
representerte FFO Sogn og Fjordane i møte med Jens Stoltenberg i Florø 30. mai.
FFO krev at den grove skeivfordelinga av rehailiteringsmidlane
mellom helseregionane må rettast opp, og at Hauglandssenteret
som er den einaste rehabiliteringsinstitusjonen i Sogn og
Fjordane må tilførast ressursar som
kan dekke opp for det store udekka behovet innan rehablitering i
vår region.
Magne Sandvik held innlegg og det
vart overlevert brev som synt under:
"Antall plassar til rehabilitering
er skeivt fordelt i landet. Helse Vest har langt færre plassar
enn dei andre helseregionane.
Hauglandssenteret er einaste gruppe
1 institusjon i regionen. (som skal ta seg av fagleg
utfordrande rehabilitering)
Hauglandssenteret har stor pågang av
pasientar og har ei ventetid på opptil 6 månader, noko som i
mange tilfelle er uforsvarleg.
På bakgrunn av dette har senteret
søkt om godkjenning på utviding frå 50 til 70 plassar.
Helse Vest tilrår søknaden på
bakgrunn av behovet i regionen.
I brev til Helseministeren ber
leiinga ved senteret at søknaden om utviding vert teke med i
revidert nasjonalbudsjett. Så langt ein kan lese av framlegg til
revidert nasjonalbudsjett er det ikkje lagt føringar om meir
midlar til rehabilitering.
Vi ber om at Stoltenberg tek dette
til vitande og brukar sin innflytelse til å gjere noko med
skeivfordelinga, og rår til at det blir øyremerka midlar til
Hauglandssenteret i revidert nasjonalbudsjett.
Med ynskje om eit godt valg!
Venleg helsing
FFO Sogn og Fjordane
Jon Leif Svardal
Magne Sandvik"
Vedlegg: Skjema over ”Fordeling av
opptreningsinstitusjoner i Norge”
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
i Sogn og Fjordane.
ÅRETS SJUKEHUSMØTE!
”Ei framtid for
sjukehusa i fylket?” var temaet for møte og politisk paneldebatt
som FFO Sogn og Fjordane arrangerte i samarbeid med ein brei
allianse av sjukehusforkjemparar i heile fylket 1. nov. 2004.
Bakgrunnen for møtet var
statsbudsjettet og underfinansieringa i Helse Vest. Ein frykta
konsekvensane for dei samla sjukehustenestene i fylket, både
tilbodet av spesialfunksjonar ved Sentralsjukehuset og tilboda
ved lokalsjukehusa.
Roar Eilertsen, forskar ved
Kunnskapssenteret De Facto heldt hovudinnleiing med tittelen
”Diagnose for sjukehussektoren: For lite Pengar, for lite
demokrati”.
Vidare var det innleiingar frå
Helseregion Vest, ved informasjonsdirektør Bjørg Sandal, om
statsbudsjettet, underfinansieringa i Helse Vest og konsekvensar
for helsetilboda i regionen, frå Høgskulen i Sogn og Fjordane,
ved studieleiar Anne Grethe Naustdal, om sjukehusa sin tydnad
for fagmiljø og rekruttering, og frå Lokalsjukehusaksjonane, ved
Bente Øyen Hauge, om kampen for ein desentralisert
sjukehusstruktur.
I den politiske paneldebatten deltok
representant for Sosialkomiteen, stortingsbenken frå Sogn og
Fjordane og dei fremste fylkespolitikarane frå alle partia i
fylket, i tillegg til representantar frå styra i helseregionen
og helseføretaket.
Sosialkomiteen sin representant, Per
Steinar Osmundnes frå Krf., var den første til å innrømme at
målsetjinga med helsereforma ikkje var oppnådd. Han lova at
reforma og ressursane til helsetenesta var eit område som Krf.
ville prioritere høgt i dei vidare forhandlingane om
statsbudsjettet.
Både SV og Ap lova at deira
budsjettalternativ ville gje minimum 1 milliard meir til
sjukehusdrifta enn det som ligg i regjeringa sitt forslag.
Eit samla politisk panel lova å
arbeide for ei meir demokratisk organisering av
spesialisthelsetenestetilbodet.
Møtet samla ca.120 deltakarar,
ordførarar frå alle regionsråda i fylket, sentrale
representantar frå helseføretaka Helse Førde og Helse Vest,
sjukehusa og høgskulemiljøet, fagforbunda og
organisasjonsmiljøa.
Målet med møtet var å rette fokus på
den dramatiske resurssituasjonen i Helse Vest og Helse Førde.
Med stappfull sal, mediedekning i fylkesavisene og NRK, ein
drivande debatt og interessante innlegg, konkluderer
programnemnda med at arrangementet vart svært vellukka.
Møte omlokalsjukehusa si rolle som framtidige tryggleiksbasar
FFO Sogn og Fjordane var representert på møte om
lokalsjukehusa si framtidige rolle som tryggleiksbasar.
Møtet vart arrangert av Helse Vest, etter pålegg frå
Helsedepartementet, som også var tilstades på møtet.
Tilsvarande møte har vore halde i dei andre helseregionane
tidlegare i år. Møtet vart halde på Ullensvang Hotell,
Lofthus i Hardanger.
Møtet samla 120 deltakarar (Helse Vest hadde lagt opp til
maksimum 70)
Styreleiar i Helse Vest, Mai Vik, svarte på Spørsmål frå FFO
Sogn og Fjordane sitt innlegg, at ingen av lokalsjukehusa
skulle leggast ned.
Deltakarane på møtet vart likevel ikkje ”roa” av dette
svaret. Ein fryktar at omstillingane som representantane frå
Helse Vest la stor vekt på at måtte komme, vil føre til at
akuttfunksjonane vil forsvinne, og at sjukehusa med dette,
slik ein kjenner dei i dag, i praksis vil verte nedlagde.
Etter samtalar med deltakarar, reagerer ein på at Helse Vest
ikkje har offentleggjort møtet, slik ein kunne forvente.
Fleire av dei sentrale deltakarane hadde fått nyss om møte
ved rein tilfeldigheit. Dette var også tilfellet for FFO
Ein reagerer vidare på den svært utilgjengelege staden som
var vald for møtet.
FFO Sogn og Fjordane kunne ikkje sjå at Helse Førde var
representert. I alle høve hadde dei ikkje ordet.
FFO S. og
Fj. la i sitt innlegg på møtet vekt på to viktige kriteria
for sjukehusa si tryggleiksrolle:
1. Vi må
kunne stole på at sjukehuset kan gje oss hjelp i akutte
situasjonar
2. Vi ønskjer nærleik til
helsetilbod som vi nyttar ofte
FFO Sogn og Fjordane var representert ved styremedlem,
Sissel Stavøstrand, og fylkessekretær, Gro Indrebø
Last ned
FFO SoF sitt innlegg her: -Adobe
pdf format
-MS
Word format
Betre Levevilkår for
Funksjonshemma!
FFO Sogn og
Fjordane er svært bekymra over levekårsutviklinga for
funksjonshemma. Funksjonshemma og kronisk sjuke scorar lågt på
levevilkårsundrsøkingane, og forskjellane mellom svake og sterke
grupper er aukande.
Aukande og
fleire eigendelar på medisinsk behandling og offentlege
tenester, samt eit jamt lågt nivå på uførepensjonen bidrar til
at levekårskløfta aukar.
FFO ønskjer å
sette denne saka på dagsorden i den politiske debatten i fylket
og i valkampen 2005.
Hovudmålet
er at den økonomiske utviklinga for funksjonshemma skal vere slik at funksjonshemma er sikra en
levestandard på linje med den øvrige befolkninga.
Delmål 1:
Funksjonshemma
skal sikrast moglegheit til å bruke evnene sine og kapasiteten
sin i aktiv deltaking i arbeidslivet.
Delmål 2:
Funksjonshemma
som fell utanfor arbeidsmarknaden må sikrast betre levevilkår
gjennom auka trygdeinntekter og reduserte kostnader som følgje av
funksjonshemming og kronisk sjukdom.
FFO Sogn og
Fjordane har i første runde laga innlegg til avisene i Sogn og
Fjordane og sendt inn sak om levekåra for funksjonshemma og ny
vurdering av hjelpestønader til Felles brukarutval for Aetat og
Trygdeetaten i Sogn og Fjordane.
Buss for alle!
Med verknad
frå 13.februar 2004 er EU sitt bussdirektiv 2001/85/EF,
implementert i dei norske kjøretøyforskriftene. Direktivet
inneheld krav om tilgjenge til buss for funksjonshemma, med
spesiell vekt på rørslehemma. Direktivet inneheld også krav til
utstyr og tekniske løyingar.
FFO Sogn og
Fjordane vil fremje sak ovanfor fylkeskommunen om buss for alle.
Vi vil m.a. syne til brev frå staten der fylkeskommunane vert
oppmoda til å gjere bussmateriellet tilgjengeleg for
funksjonshemma. FFO Sogn og Fjordane vil leggje vekt på at både
by-bussar og tur og ekspressbussar må innrettast til bruk for
alle. Pr. i dag er det 6 fylkeskommunar som har vedteke krav om
tilgjenge for alle i bussmateriellet. For FFO er det svært
viktig å sikre at bussane er tilgjengeleg for syns og
hørselshemma så vel som rørslehemma personar.
Samla politikk for
funksjonshemma!
Fylkestinget
har, etter innspel frå FFO Sogn og Fjordane hausten 2003 og
våren 2004, i fylkesplanen 2005-2008 vedteke at det skal
utarbeidast ein samla politikk for funksjonshemma.
Fylkeskommunen
ønskjer å samarbeide med FFO i det vidare arbeidet, og dette
vert ei svært viktig oppgåve for FFO-samarbeidet. Samla politikk
for funksjonshemma i Sogn og Fjordane vert truleg tema på
leiarsamlinga hausten 2004.
|